Vatnahalsen

Vatnahalsen

Ynskjer du eit uformelt miljø, ein avslappande og triveleg atmosfære med eit snev av god hyttekos i ferien, då er Vatnahalsen ein god fristad på fjellet. Her er komfort, men ikkje luksus - romslege salongar og opphaldsrom til dans, underhaldning og inneaktivitetar.

Vatnahalsen Høyfjellshotell har lange tradisjonar som går heilt tilbake til 1896, då det fyste hotellet blei oppført. Det har stortsett våre kontinuerlig drift av hotellet her sidan, men i periodar har det kun våre drift deler av året.

No verande hotell blei oppført i 1953/54, etter at det forgje hotellet brann ned under krigen. Hotellet er seinare utvida, med "ny" romfløy samt konferanse rom rundt 1970. Hotellet har i dag ein kapasitet på 40 rom. Lyse og trivelege rom, dei fleste med god plass, bad/dusj og toalett. I tilknyting til hotellet er det eit Anneks, bygningen her er frå rundt 1880, og var opphavleg nytta som anleggsbrakke under bygginga av Bergensbana. Etter at hotellet tok over bygningen har det blitt nytta som tjeneste bustad for ansatte på Vatnahalsen. Etter at hotellet brann i byrjinga av krigen fungerte annekset som Fjellstove, dette varte fram til det nye hotellet opna. Over dei siste åra har annekset blitt oppussa, og me kan på somaren tilby overnatting her.

Matservering
Frokost servering 08:00-10:00
Lunsj meny kl 13:00-16:00
Kioskvarer
Middag servering kl 19:00
God hjemmelaget norsk mat

Aktiviteter
Vatnahalsen er et populært stoppested på Rallarvegen. Her trenger man en pust i bakken etter den tøffe stigningen til fra Reinungavatnet og den tøffe nedkjøringen ned Myrdalsvingene. Mange velger å spise lunsjen sin her og da anbefaler vi å få med deg den berømte og gode Vatnahalsen-vaffelen.

Anten ein likar å gå turar på ski eller til fots, drive med jakt og fiske eller rett og slett kunna nyta naturen gjennom kameralinsa, er moglegheitene mange på Vatnahalsen. Her finn ein både enkle og meir krevande turar, sommar som vinter.

Kurs og konferanse
Vatnahalsen Høyfjellshotell kan tilbyr dykkar bedrift kurs/konferanse i ein varm og heimleg atmosfære, 820 m.o.h. Her finn ein ingen forstyrrande støy frå bilar eller annan by støy. Reisa hit foregår kun med tog, og i desse klimatider er dette eit av dei mest miljøvenlege reisemåtane, og ikkje minst ein komfortabelt måte å ta seg hit. Hotellet har ein kapasitet til 35 personar i enkeltrom, evt. 60 personar om deltakarane ligg i dobbeltrom.

Mange tur muligheter både langs Rallarvegen, ned Flåmsbana. T- merka løyper til Kaldavasshytta, Tarven og Stonndalen. Stier til Broksnosi, Skjebergsnuten, Ugjerdsdalen til Upsete.

Kapasitet

60

Åpningstider

Heilårsope med unntak av 20.12. – 03.01

Adresse

Vatnahalsen, 5718 Myrdal

Telefon

57 63 37 22

Faks

57 63 37 67

E-post

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Social Bookmarks