Flåm Camping og Vandrarheim

Flåm Camping og Vandrarheim

Familieeigd campingplass og vandrarheim i sentrum av Flåm. 5 min. å gå til dei fleste attraksjonar i Flåm. Her har vi eit velstelt uteområde med mange busker, tre, blomar og skjerma plassar. Terassert oppstillingsområde for bubilar og campingvogner gjer eit funksjonelt område med fin utsikt for campinggjestene. Eit reint og velfungerande sanitæranlegg ligg sentralt på plassen.

I vår nye vandrarheim finn du hytter og rom i ulik standard og prisklasse. Tilsaman har vi 50 senger fordelt på to- og firesengsrom , alle med privat bad. Her finn du og eit godt utstyrt gjestekjøkken.

For hytter og rom utan innlagt vatn har vi eit felles sanitæranlegg. På sanitæranlegget har vi også vaskemaskin og tørketrommel til bruk for våre gjestar.

Matservering

  • Sjølvhushald . Eige gjestekjøkken på vandrarheimen.
  • Kiosk i resepsjonen med basisvarer som brød, mjølk, youghurt, smør, diverse pålegg, , egg, pasta, supper, boksmat, kjeks, sjokolade, chips, juice, brus og lettøl
  • Matbutikk (Coop) og fleire kafeear og restaurantar 5 min. gangavstand frå campingen.

Andre opplysninger

  • Vertskapet har god lokalkunnskap og står gjerne til hjelp!
  • Sengetøy kan leigast, Nok 60,- pr. person.
  • 10% avslag i pris på vandrarheimen for medlemmar i norske vandrarheim eller IYH.
  • Hundar er ikkje tillat på vandrarheimen.


Passer for  
Individuelle reisande, mindre grupper og familiar.

Kapasitet

80 senger fordelt på to- og firesengsrom. 11 små hytter med plass til to-fire personer

Åpningstider

01.04 – 30.10 Vandrarheimen. 01.05 – 30.09 Camping og hytter

Adresse

Nedre Brekkevegen 12, 5743 Flåm

Telefon

57 63 21 21

Faks

57 63 23 80

E-post

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Social Bookmarks