Flåmsbrygga Restaurant

Flåmsbrygga Restaurant

Frå tradisjonsmat til tapas, alt med råvarer frå vårt nærområde.
Vi er velkjende for å servere god tradisjonsmat, og vi byggjer nye menyar på lokale råvarer som lam frå Aurland, kreps frå Aurlandsfjorden, bringebær frå Flåm og geitost frå Undredal. Drikke til maten er sjølvsagt vårt eige Ægir-øl, men ølet er også ein viktig ingrediens i marinadar og sausar, og den gode smaken av malt og gjær set ein ekstra spiss på maten.

Vi har øl som høver til sjømat som fisk, kreps og reker, til smakssterke grønsaksrettar, til geitost, til raudt og til lyst kjøt, og vi har øl som høver framifrå saman med sjokolade og kaker.

Restauranten var ny-oppussa i mars 2010 og ber preg av det ekte norske med mykje bruk av stein og tre. Interiøret er halde i jordfargar på lik linje med hotellet og ber preg av ein roleg og innbydande atmosfære.

Her får alle sansane ”blomstre”!

Se også Flåmsbrygga Hotell, Furukroa og Ægir Bryggeri som er en del av Flåmsbrygga Turistsenter.

Kapasitet

155

Åpningstider

Heile året, redusert opningstid om vinteren

Adresse

Pb. 44, 5742 Flåm

Telefon

57 63 20 50

Faks

57 63 20 51
booking@flamsbrygga.no

Social Bookmarks